1.lektorene i sjukepleie

Stortingsmelding 19 (2023-2024) har en omtale av 1.lektorstillingene i sykepleierutdanning:

Om få år vil det vere eit stort behov for å rekruttere personar med førstestillings-kompetanse til arbeid ved universitet og høgskular. Stipendiatar innan helsefag er eldre enn stipendiatar på andre fagområde og får kortare tid i arbeidslivet med den nye kompetansen sin.

      • Ved helsefakulteta ved universitet og høgskular er det til saman 2 153 årsverk med førstestillingskompetanse og 747 av desse årsverka blir gjort av personar som er over 60 år.
      • Fleire stadar utgjer delen med førstestillingskompetanse som er over 60 år, over halvparten av dei førstestillingskompetente ved eininga.

Samtidig blir utdanningene samlet sett trukket oppover mot mastergrad og EVU som forutsetter flere i første- og toppstilling:

Innan sjukepleiarutdanning, som er den største helseutdanninga, vil nye masterutdanningar for sjukepleiarar og vidareutdanningsløpa til spesialsjukepleiar stille auka krav til samansettinga av fagmiljøa.

NIFU peiker på at om ein tek utgangspunkt i ein pensjonsalder på 67 år, må nesten halvparten av dei med førstestillingskompetanse erstattast innan ti år (rekna frå 2018).

Sykepleierutdanningene står altså i en mangedobbelt utfordring:

  • Det er økende behov for sykepleieærere I første- og toppstilling.
  • En stor andel i slike stillinger går av for aldersgrensen kommende år.
  • Rekruttering av nye lærere kan i økende grad skje direkte fra praksisfeltet. Hvilke formelle krav bør stilles til dem?

Stortingsmeldinga peker på

Nye masterutdanningar for sjukepleiarar og vidareutdanningsløpa til spesialsjukepleiar stiller auka krav til samansettinga av fagmiljøa, og fleire sjukepleiarar bør ta masterutdanningar. Det er behov for tiltak for å sikre berekraftige fagmiljø som kan utdanne spesialsjukepleiarar òg i framtida. Regjeringa har derfor som mål at helseføretaka skal lyse ut ti prosent av utdanningsstillingane til heile masterløp. Regjeringa vil vurdera om målet er tilstrekkeleg for å sikre rekruttering til undervisningsstillingar.